Beskrivelse
Denne klassiske bildeboka er illustrert av Stephen Cartwright (1947-2004).
Nynorsk blir benyttet av rundt 10 prosent av befolkningen, mest på Vestlandet, men også i mange andre deler av landet. Hver kommune velger selv hvilken målform som skal være offisielt skriftspråk og skolespråk. Bokmål er den andre skriftnormen. Mål er et gammelt ord for tale.
Ivar Aasen – nynorskens far
Ivar Andreas Aasen (1813-1896) var ein norsk språkforskar og diktar ifrå Ørsta på Sunnmøre. Han mista mor si då han var tre år, og far sin alt som 13-åring. Skriftspråket i Noreg var lenge dansk, men på 1830-talet starta ein debatt om behovet for eit eige norsk skriftspråk som del av den norske nasjonsbygginga og draumen om sjølvstende. Aasen reiste rundt, samla inn og systematiserte dialektar. For å lage eit felles skriftspråk måtte han velje mellom ulike ord og former. Han skapte det han kalla «landsmaal» – for han eit synonym til «riksmål», det tydde altså ikkje «målet på landsbygda», men «målet i og for heile landet». Han la såleis grunnlaget for det moderne, offisielle nynorske skriftspråket. Ivar Aasen døydde 23. september 1896. Han blei gravlagd 29. september på Vår Frelsers Gravlund i Kristiania (Oslo). Diktet hans «Nordmannen» (mere kjent som sangen «Millom bakkar og berg») er eit av dei mest kjente dikta i Noregs litteraturhistorie. På Aasens heimstad i Ørsta er det reist eit senter for nynorsk skriftkultur og eit museum over livet og verket hans – Ivar Aasen-tunet. Kilde: Store Norske Leksikon.